tirsdag 22. april 2014

Stilling ledig: VOLVE VOKAL (Bergen)

Volve Vokal vart stifta 19. september 2006 etter initiativ og idé frå ensemblet sin dirigent Gro Espedal. Ensemblet høyrer til i Bergen. Volve Vokal har som mål å vere nyskapande på høgt kunstnarleg nivå. Repertoaret er variert, men med ny, norsk vokalmusikk som satsingsområde. Ein viktig visjon for ensemblet er å arbeide med å gjere samtidsmusikken meir tilgjengeleg, då særskild gjennom å nytte ulike kunstuttrykk i musikkformidlinga, og å gje tilskodarane heilskaplege konsertopplevingar. Ensemblet freistar å utforske korkonsertsjangeren og tilføre kormiljøet nye impulsar. Volve Vokal er, og ynskjer å vere eit ungt ensemble. Medlemma i ensemblet er ca 30 kvinner og er i aldersgruppa 18-38 år. Sommaren 2014 konkurrerer Volve Vokal i verdas største korkonkurranse, World Choir Games i Riga/Latvia og i konkurransen Syng for oss, i regi av Norges Korforbund.


I perioden 01.08.14-30.06.15 søkjer Volve Vokal vikardirigent då vår faste dirigent Gro Espedal skal ha permisjon frå stillinga si. Koret har blant anna planar om ein haustkonsert knytt til Grunnlovsjubileumet i oktober og tojulekonsertar i desember.

Øvingsdag er tysdagar, og fast øvingsstad er Nordnes bydelshus, Bergen. Det er og planlagt fleire øvingshelgar i løpet av kvart semester. Vikardirigenten kjem til å samarbeide med koret sitt kunstnarlege utval.

Me ynskjer ein vikardirigent som
- har fagleg tyngde og som ynskjer å jobbe med dyktige songarar
- har høge musikalske ambisjonar og har evne til å vere kreativ
- er samarbeidsorientert, fleksibel og løysingsorientert

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju med tilhøyrande prøvedireksjon med koret.
Lønn ihht. avtale.
For meir informasjon, kontakt leiar i koret, Hild C. Vang
Tlf: 97718890 eller epost: post@volvevokal.no
Søknad med CV sendast til post@volvevokal.no  innan 10.05.14.